


Info
Barnehagekonferansen i Møre og Romsdal vert arrangert på Scandic Parken Hotell i Ålesund 30. og 31. oktober 2025. Konferansen er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.
Målgruppe er pedagogisk personale i barnehagane, barnehageeigar og barnehagemyndigheit, tilsette i PPT og høgskuletilsette. Andre som også er interessert i barnehage er også velkommen.
Fagleg innhald
Bomullsbarna
Barnehagen si rolle i å danne robuste barn i ei verd av bomull.
I ei tid der tryggleik og tilrettelegging ofte står i sentrum i barna sin oppvekst har omgrepet "bomullsbarn" fått auka merksemd. Begrepet refererer til barn som har blitt pakka inn i bomull av omsorgspersonar på måtar som skadar barna. Blir dei overbeskytta i slik grad at dei mister moglegheit til ei sunn utvikling med robustheit og meistringskjensle? Forsking peikar på at risikoleik og friluftsliv der barn får utforske grenser og utfordre seg sjølv i trygge rammer, kan vere ein nøkkel til å byggje robuste barn. Dette vil gjere dei betre rusta til å handtere motgang og stress i ulike situasjonar. Psykisk helse og livsmeistring heng tett saman med korleis barn lærer å møte og meistre utfordringar tidleg i livet. Gode relasjonar og eit velfungerande foreldresamarbeid i barnehagen spelar ei avgjerande rolle. Gjennom ein balanse mellom vern og fridom kan barnehagelæraren leggje til rette for ei sunn utvikling der barna får styrka si mentale helse og meistringskjensle.
Rapportane frå tilskotsordningane syner at barnehagane i Møre og Romsdal arbeider med livsmeistring og psykisk helse. Vi håpar at Barnehagekonferansen 2025 vil vere eit bidrag i dette arbeidet.
Konferanseavgift
Konferanseavgifta dekkjer det faglege innhaldet. Du må betale konferanseavgifta på kr.1200,- med bindande påmelding og tinging av overnatting.
Påmelding
Det er elektronisk bindande påmelding innan 21.08.24 (innen kl. 23.00).
Spørsmål knytt til påmeldinga di rettast på e-post til linn.kjol.oldervik@udf.no
eller på telefon: 95493163
Meld deg på her: Påmeldingslink kjem snart
Stadfesting
Du vil automatisk motta ei stadfesting direkte på din e-post når påmeldinga er gjort. Om du ikkje mottek slik stadfesting, er du ikkje blitt registrert som deltakar.
Sjekk om du har fylt ut alle felt i registreringa.
Vilkår for deltaking
Barnehagekonferansen er ein to-dagars konferanse og deltakarane må difor delta begge dagane. Det er ikkje høve til å dele ein plass.
Atterhald om gjennomføring
Det vert teke atterhald om gjennomføring av konferansen på grunnlag av
påmelde innan fristen 25.08.25 kl. 23.00
Konferansemiddag
Arrangørane inviterer også i år til felles 3-rettars konferansemiddag på Scandic Parken 30. oktober kl. 20.00. Middagen er inkludert i heilpensjon.
Ikkje-buande som ønskjer å delta på middagen er hjarteleg velkomne.
Middag for ikkje buande bestiller ein ved påmelding.
Opphald og overnatting
Vi disponerer eit tal rom på Scandic Parken, Hotel 1904 og Thon Hotel Ålesund. (Dei som melder seg på først får rom der dei ynskjer). Dersom du skal dele rom med nokon må du opplyse i påmeldingsskjemaet kven du skal dele rom med.
Vi ser fram til konferansen og til å ynskje deg velkomen til
Barnehagekonferansen 2025 Bomullsbarna!