

Hjarteleg velkomen til Barnehagekonferansen 2023
Årets Barnehagekonferanse vert arrangert på Scandic Parken Hotell i Ålesund 14. – 15. november.
Konferansen er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda og
Utdanningsforbundet Møre og Romsdal.
Vi har spanande og viktige tema på årets konferanse og vonar å sjå deg der.
Hugs å melde deg på her om du vil ta del på haustens store happening.
Påmeldingsfrist er 30.09.23
Omgrepet berekraft karakteriserer økonomiske, sosiale, institusjonelle og miljømessige sider ved menneskelege samfunn. Berekrafta blir manifestert gjennom å finne balansen mellom økonomisk vekst, sosial utvikling og miljøvern. Berekraft handlar om mykje meir enn å sortere søppel, det handlar om å ta ansvar for livsstilen vår
no og sikre at vi ikkje øydelegg for framtidige generasjonar.
Målet med konferansen er å få fram kva berekraft tyder, kvifor berekraft er sentralt i barnehagen og korleis personalet kan bidra til at barn får erfaring med og medvit om berekraftig utvikling. Barnehagelærar er
avgjerande i dette arbeidet og må difor ha relevant kunnskap og kompetanse for berekraftig utvikling.
Ifølgje barnehagen sitt samfunnsmandat skal barnehagen bygge på grunnleggande verdiar som respekt
for menneskeverdet og naturen, og barna skal få utfalde skaparglede, undring og utforskartrang.
Barna skal lære å ta vare på seg sjølv, kvarandre og naturen, og barnehagen har ei viktig oppgåve
i å fremje verdiar, haldningar og praksis for eit berekraftig samfunn.